Fjord Inkubator intranett

Eg har gløymt passordet mitt
Om Fjord Inkubator Siste nytt Partnerar Inkubatorverksemder Vanlege spørsmål Lenkjer Kontakt
 
 



Rekrutteringsmesser i Bergen, Oslo og Trondheim

Næringslivet i Sogn og Fjordane blomstrar. Den viktigaste faktoren som begrensar vidare vekst er mangelen på arbeidskraft. Eit viktig stikkord vert rekruttering og løysinga på dette må vere kommunikasjon med den rette målgruppa.
 
Under merkenavnet Framtidsfylket har alle regionane i Sogn og Fjordane gått i lag om å arrangere profileringsmesser i Bergen, Oslo og Trondheim i heile februar 2008. Inkubatoralliansen, som er ein samanslåing av Fjord Inkubator, Inkubator Vest og Inkubas, skal også delta på desse rekrutteringsmessene.
 
7. februar - Trondheim, Radisson SAS Hotel Royal Garden
19. februar - Oslo, Oslo Konserthus
26. februar - Bergen, Radisson SAS Hotel Royal Bryggen
 
Dette vert garantert eit fagleg og sosialt møtepunkt både for næringslivet og dei arbeidssøkjande! Alle studentar, utflytta ungdommar og andre interesserte er velkomen til å få ein smakebit av kva Sogn og Fjordane har å tilby.
 
For påmelding, www.framtidsfylket.no.