- Mang ein god forretningside har gått i gløymeboka fordi det ikkje har vore pengar til å utvikle ideen. Denne tida kan vere forbi i Sogn og Fjordane, for no stillar sparebankane i fylket opp med pengar til oppaling av gode idear, seier Halvor Flatland frå Innovasjonsforum Sogn og Fjordane.
Det er Sparebanken Sogn og Fjordane, Fjaler Sparebank, Vik Sparebank, Luster Sparebank, Indre Sogn Sparebank og Aurland Sparebank som har skipa det regionale nyskapningsfondet etter inititativ frå Innovasjonsforum i Sogn og Fjordane.
- Dette er eit unikt samarbeidsprosjekt som er blitt etablert, seier Solveig Midtbø frå Innovasjonsforum Sogn og Fjordane. Det er stor trong for nye bedrifter og fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, fordi folketalet går nedover og det er klare tendensar til forgubbing i mange kommunar. Nyskapningsfondet skal vere ein fødselshjelpar for dei som går svanger med potensielle forretningsidear, men verken har kapital eller eit profesjonelt apparat til å utvikle ideen til ei framtidsretta bedrift. Dette tiltaket er difor svært viktig, seier Midtbø. Dei seks sparebankane har i første omgang sett av to millionar kroner til formålet, men er innstilte på å auka fondet, dersom tiltaket får effekt og dekkjer eit behov.
- Vi ser ikkje på desse pengane som lån eller investering som skal gje avkastning til banken. I alle fall ikkje i første omgang. Dette er det vi i dag kallar presåkornfond, som skal vere ei handsrekning i ein særs tidleg fase før både Innovasjon Norge, vanlege såkornfond, bankar og eventuelle investorar kjem på bana med kapital, seier nyvalt leiar i Sogn og Fjordane fondet Thomas Berge.
- Me ser ofte at spennande forretningsidear berre kan bli lagt vekk, fordi gründer eller initiativtakar ikkje har hatt ressursar til å finne ut kor god ideen er, ei heller utvikle eit spennande forretningskonsept av ideen. Men no er det mogleg å søke det regionale nyskapningsfondet om pengar og få ein profesjonell medspelar med på laget, seier Berge.