Fjord Inkubator intranett

Eg har gløymt passordet mitt
Om Fjord Inkubator Siste nytt Partnerar Inkubatorverksemder Vanlege spørsmål Lenkjer Kontakt
 
 



Nye inkubatorverksemder tekne opp

På førehand var det meldt inn tre forskjellige inkubatorverksemder som skulle vurderas for opptak i Fjord Inkubator. Årsaka til at inkubatorverksemder synar det er positivt på å komma under Fjord Inkubator-paraplyen, er fleire.

Fjord Inkubator sit på eit betydeleg nettverk innan spesifikke områder, som igjen gründeren kan nyte godt av. Er man oppteken i Fjord Inkubator kan ein også få lettere tilgong til kapital i ein elles så vanskeleg oppstartsfase. 

At Fjord Inkubator er ein distribuert inkubator betyr at me aldri hadde klart oss utan det operative utviklingsmiljøet rundt omkring i regionen. Det er den einskilde noden som har det operative ansvaret for rådgivning og oppfølging av gründeren, men Fjord Inkubator syt for å ha eit best mogleg samarbeid med noden slik at rammevilkåra og læringskurva for gründeren er optimale.

Til dette møtet hadde Måløy Vekst meldt inn to kandidatar til opptak i Fjord Inkubator, medan ein kandidat frå Sogndal vert meld inn frå KPSF/Fjord Inkubator.

Den fyrste kandidaten frå Måløy er ei veldig spennande verksemd som omhandlar bølgekraft. I fyrste omgang skal eit pilotprodukt produserast for å få ein vitenskapeleg dokumentasjon. Etter at gründeren presenterte ideen foran styringsgruppa, hadde gruppa ein diskusjon på om ideen var god nok for inntak i Fjord Inkubator. Samrøystes vart kandidaten innstilt som god nok for opptak, og me gler oss veldig til fortsettelsen. Det er Måløy Vekst som overtek oppfølgingsarbeidet i dette prosjektet.

Den andre kandidaten frå Måløy er ei verksemd som driv med kvalitetssikringssystem. Prosjektet skal innan utgangen av mars 2008 konkludere med prosjektet si vidare framtid. Nodeansvarleg tek då avgjerd om ein skal videreføra prosjektet eller ikkje. Det er Måløy Vekst som også her føl opp vedtaket.

Den tredje, og siste kandidaten, er ei verksemd frå Sogndal som driv med digitalbasert reklame. Verksemda vart teken opp i Fjord Inkubator sin node i Sogndal, og Sogn Næring føl opp vedtaket.

Meir informasjon om inkubatorverksemdene kjem om ikkje så lenge. Dette kjem som eigen informasjon i hovedmenyen til venstre.