Vanlege spørsmål
Publisert 10. September 2007
Kva er ein distribuert inkubator?
At FJORD INKUBATOR er ein distribuert inkubator, betyr at verksemda har
tilgjengelige lokalitetar i heile Sogn&Fjordane. Ein distribuert
inkubator er eit tilbod til gründere som ikkje er lokalisert i nærheten
til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Formålet er å tilby
inkubatortenester til gründere som ikkje fysisk er permanent lokalisert
i sjølve inkubatoren. På denne måten vert inkubatorens nettverk og
kompetanse gjort tilgjengeleg for gründere i distriktet.
Møteromsfasiliteter og arbeidsplassar i eit åpent kontorlandskap stilles til rådigheit for bedrifter som vert tatt opp i FJORD INKUBATOR. Bedriftene kan dermed velje å benytta seg av desse fasilitetane i ein oppstartsfase, og seinare ved behov.
Kva kan FJORD INKUBATOR tilby deg?
-
Røynsle: Me har god røynsle med å ta del i den krevjande prosessen som det er å kjøyre laupet fra idé til kommersialisering. Å kunne selge ideen, utvikle relasjonar, vere realistisk og halde fokus er kritiske suksessfaktorar.
-
Kompetanse: FJORD INKUBATOR vil gjennom ulike program og samarbeidspartnerar, strekke seg etter å bidra til kompetansetilførsel innafor kritiske og nødvendige felt. Dette kan vere alt frå forretningsmessig mentoring til finansielle tenester, IPR, teknologi-verifisering, IT-drift og rekruttering.
-
Nettverk: Pålitelege, effektive og solide liner inn mot ulike, relevante og aktuelle miljø. Nettverk er ikkje noko du får, det er noko du må opparbeide deg. FJORD INKUBATOR kan gi deg gode kanalar mot dei rette miljøa.
-
Finansiering: Gjennom FJORD INKUBATOR har du moglegheit til å få oppstartsfasen finansiert med Innovasjon Norge sitt inkubatorstipend. FJORD INKUBATOR vil elles bistå deg med anna finansieringsalternativ gjennom relevante og aktuelle finansierings- og eigekapitalinstrument.
Kva ser vi etter i nyskapingsprosjekta?
- Gründerens egenskapar og haldningar
- Gründerens motivasjon
- Forretningsideens potensial
- Demografiske og regionale faktorar
- At prosjektet skal vera tilpassa FJORD INKUBATOR sin profil
Kva fokuserar vi på i arbeidet med nyskapningsprosjekta?
Verdidrivarar, teknologidiverifisering, forretningsforståing, "elevator pitch" og alliansebygging. For å utvikle ein idé til kommersiell suksess treng trening og infrastruktur - noko som vi kan tilby gjennom inkubatorordninga vår.
Dykkar behov
FJORD INKUBATOR si direkte eller indirekte involvering i dykkar prosjekt er sjølvsagt avhengig av kva behov dykkar har, kva fase prosjektet er i og kva samarbeidspartar, ressursar og kompetanse som allereie er knytt til prosjektet.
Tillit og konfidensialitet
Er noko som FJORD INKUBATOR ser på som avgjerande for at eit samarbeid skal kunne fungere og gje suksess. Du/dykk er garantert ei konfidensiell handsaming i alt og eitt.
Vi ynskjer å medverke til at prosjekta oppnår ein balanse mellom kompetanse, organisering, nettverk, finansiering og eigarskap.
Målgruppa til Fjord Inkubator
FJORD INKUABTOR sin visjon er å vere ein katalysator for framtidas næringsliv i Sogn&Fjordane, gjennom å skape eit profesjonelt vekstmiljø for innovative forretningsidear. FJORD INKUBATOR skal vidare verte nasjonalt leiande i arbeidet med næringslivsretting av innovative elev- og studentverksemder.
FJORD INKUBATOR er både eit tilbod til gründere/entreprenørar med ein innovativ forretningsidé og elevar/studentar i videregåande skuler, høgskule og universitet:
- Gründere/idétakarar: forretningsidear på idé-stadiet.
- Nystarta verksemder og spin-off prosjekt i etablerte verksemder.
- Rekruttering av inkubatorprosjekt og gründere frå FoU-miljø.
- Ungdoms- og studentbedrifter.