Fjord Inkubator intranett

Eg har gløymt passordet mitt
Om Fjord Inkubator Siste nytt Partnerar Inkubatorverksemder Vanlege spørsmål Lenkjer Kontakt
 
 



Statusrapport Fjord Inkubator

For det fysste jobbas det for at Fjord Inkubator skal fusjonerast inn som ein avdeling i Kunnskapsparken i Sogn&Fjordane (KPSF). Me er overbevist om at dette vil vera ein god løysing for alle som er inkludert i den distribuerte løysinga. Denne organisatoriske endringa har i seg sjølv ikkje nokon særlige praktiske konsekvenser.

Samstundes vert det jobba mot nye partnerar som ynskjer å bli ein del av vår distribuerte inkubatorløysing. Me er glad for at regionen ser nytta av å spele "på same lag - mot same mål". Me håpar at alt det formelle er på plass om ikkje så lenge, og at me kan presentera dei nye partnerane når den tid kjem.

Me høyrer at det er svært mykje spennande som skjer i fylket vår for tida. I løpet av få veker skal styringsgruppa i Fjord Inkubator ta stilling til vurdering av opptak av fleire inkubatorverksemder. Om styringsgruppa vurderar ideane som gode nok, vert verksemdene i neste omgang ein del av Fjord Inkubator. Det er også komen nokre spennande idear på bordet direkte til Kunnskapsparken i Sogn&Fjordane, som kanskje også vert kanalisert inn til Fjord Inkubator.

Sogn Næring har vore i drift ein knapp månad. Selskapet er lokalisert på Fosshaugane Campus, rett ved sida av Kunnskapsparken i Sogn&Fjordane. Paal Fossdal er engasjert som dagleg leiar. Det ligg i korta at det vil bli både formelle og uformelle samarbeidsstruktuar mot dette selskapet.

Som eit ledd i å videreutvikla og forbetra kommunikasjonsstrukturen blant Fjord Inkubator og samarbeidspartnerane, har ein jobba med kvalitetssikring av alt i frå effektive rutinar til oppdatering av internett/intranett og meir overordna handlingsplanar. Det gjenstår fortsatt litt med dette arbeidet, men forhåpentligvis syner dette seg gjeldande innan kort tid.

Me kjem tilbake med meir informasjon.